Call for Papers til Norsk Medietidsskrift

Teknologiane som vert brukt i journalistikk og annan medieproduksjon endrar seg stadig, og skapar difor behov for omstilling og oppdatering av undervisninga. I 2023 vart dette særleg tydeleg pga. den offentlege merksemda om generativ AI i form av programvara ChatGPT. Men utfordringa frå framveksande teknologi er ikkje noko nytt. I fleire tiår har den globale teknologiutviklinga skapt behov for nye ferdigheiter og kunnskapsformer i mediebransjen. Det er viktig for norsk kultur og arbeidsliv at medieutdanningar handterer desse teknologiendringane ansvarleg og konstruktivt. 

Forskingsspørsmålet for dette temanummeret er difor: Korleis kan medieutdanningar best handtera problema med at framveksande teknologi stadig endrar vilkåra for utdanning og arbeidsliv? Kva slags læringsmetodar vil best kunne bidra til å gje studentar kritisk sans og tekniske ferdigheiter som gjer at dei kan bidra til ei god teknologiutvikling? 

Vi er interessert i bidrag som presenterer og problematiserer erfaringar med studentaktive læringsformer i medieutdanningar på høgskular, universitet og vidaregåande skular. Det kan vera bruk av designmetodar, innovasjonspedagogikk, problembasert læring og ulike tilnærmingar til entreprenørskap og innovasjon. Utforskinga av nye undervisnings-metodar skjer sjeldan på ein normalvitskapleg måte, og erfaringane let seg difor neppe systematisera på ein stringent metodisk måte. Redaksjonen av temanummeret vil difor akseptera ei rekkje forskjellige dokumentasjonsformer så lenge dei er i pakt med etablert forskingsetikk og analysen held høg fagleg kvalitet. 

Ambisjonen er å laga eit nummer av Norsk medietidsskrift som vil bli lest av faglærarar på universitet og høgskular så vel som vidaregåande skular, og som kan inspirera faglærarar til å styrka studentane sine evner til å handtera framveksande teknologiar. 

Professor Lars Nyre ved Universitetet i Bergen er gjesteredaktør og samarbeider med NMT-redaksjonen om utgjevinga. Nyre har utforska innovasjonspedagogikk for medieutdanningar sidan 2011. Han har vore professor II ved Universitetet i Stavanger frå 2019, og tok i si tid doktorgraden ved Høgskulen i Volda. Nyre er leiar for det pedagogiske tiltaket «TekLab. Innovasjonspedagogikk for medieutdanningar». 

Vi ynskjer å publisera vitskapelege artiklar på mellom 6000 og 8000 ord, bokmeldingar på opp til 1500 ord og debattinnlegg på opp til 2000 ord. Bidraga kan vera på norsk eller engelsk 

Vi inviterer deg i fyrste omgang til å senda inn utvida samandrag (extended abstract) av mogelege fagartiklar på ca. 750 ord inkl. referansar. Dersom du vil skriva eit debattinnlegg eller melda ei fagbok sender du inn eit abstract på ca. 100 ord. Basert på dei innkomne bidraga vil gjesteredaktøren invitera utvalde innsendarar til å skriva fullstendige tekstar. Bidrag må sendast til Lars Nyre på Lars.Nyre@uib.no innan 1. desember 2023. Temanummeret er planlagt som Norsk medietidsskrift nr. 4/2024. Alle manuskript som blir antatt vil bli publisert enten i temanummeret eller i seinare nummer av tidsskriftet. 

Fristar 

Frist for innsending av samandrag: 1. desember 2023 

Invitasjon til å skriva fullstendige manuskript: 10. desember 2023 

Frist for ferdig manuskript: 10. mai 2024 

Tilbakemelding frå fagfeller: 10. juni 2024 

Frist for reviderte manuskript: 10. september 2024