*In Norwegian*
Ved Høgskulen i Volda er det ledig åremålsstilling som dekan ved Avdeling for mediefag frå 1.8.2024 – 31.7.2028.
For å styrke vårt faglege fellesskap søker vi ein dekan med gode leiareigenskapar som er forankra i kunnskap om dagens mediesamfunn. Som dekan ved avdeling for mediefag er ein leiar for eit godt og samansett fagmiljø. Du får høve til å vere med å utvikle avdelinga og høgskulen saman med engasjerte kollegaer og studentar.
Høgskulen i Volda er ein kompetanseorganisasjon med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gir undervisning og forskar innanfor ei rekkje fagområde, med strategiske satsingar på yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Som ein liten og sjølvstendig høgskule er vi fleksible, med korte avstandar og gode moglegheiter for innverknad i viktige avgjerdsprosessar.
Om avdelinga
Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har det største mediefagmiljøet i landet og tilbyr fire bachelorutdanningar og ein mastergrad. Fagmiljøet har omlag 40 tilsette, 8 phd-stipendiatar og omlag 500 studentar fordelt på tre institutt: Journalistikk, Kommunikasjon, og Film og animasjon. Avdelinga held til i det nye Sivert Aarflot-huset som byr på moderne lokale og utstyr.
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om utdanning på masternivå eller høgare, fortrinnsvis innan fagfelt som er relevant for utdanningane og forskinga ved avdelinga. Du må ha erfaring med undervising og FoU-arbeid frå høgare utdanning. Den som vert tilsett må ha kunnskap om arbeidsrelevans for dei utdanningane som avdelinga tilbyr. Du bør også ha god forståing for samspelet mellom profesjons- og disiplinfaglege aktivitetar innan både forsking og utdanning.
Vi søkjer ein person med relevant leiarerfaring. Det er ein fordel med leiarerfaring frå offentleg sektor, samt god innsikt i organisering og drift av høgare utdanning.
Det vil bli lagt vekt på evne til strategisk tenking og gjennomføring, erfaring med prosjektarbeid og internasjonalisering.
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt. Du må vere relasjonsbyggande og samlande for avdelinga, det vert difor stilt krav om gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å skape tillit.
Administrasjonsspråket ved HVO er norsk, og stillinga set krav til god skriftleg og munnleg kommunikasjon, også på engelsk.
Arbeidsfelt
Dekanen har det overordna faglege og strategiske ansvaret for avdelinga innan utdanning, forsking, utvikling og formidling. Som leiar av avdelinga, skal du sjå til at drifta skjer i samsvar med høgskulen sine strategiar, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.
Som dekan har du økonomisk-administrativt ansvar og skal ivareta at arbeidet vert utført med god kvalitet og i samsvar med forvaltingspraksis. Du skal legge til rette for og stimulere til samarbeid og informasjonsdeling internt på avdelinga og med eksterne aktørar. Dekan er avdelinga sin talsperson og representant i møte med offentlege styresmakter, samarbeidspartar og ålmenta.
Høgskulen i Volda har delt leiing. Dekanane samarbeider med og rapporterer til rektor i faglege saker, og høgskuledirektør i administrative saker.
Vi tilbyr
Som vår kollega vil du få varierte oppgåver i eit sterkt fagmiljø.
• Høve til kompetanse- og karriereutvikling
• Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer
• God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
• Tilsettgode og fordelar, mellom anna høve til trening i arbeidstida
Stillinga som dekan er løna er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar etter statens lønsregulativ, lønsplan 17.500, dekan stillingskode 1474. Løn etter avtale.
Det vert trekt 2% lovbestemt innskot i Statens pensjonskasse av løna, som inneber pensjonssparing og risikoforsikring, les meir på www.spk.no.
Tilsetjinga er på åremål for perioden 1.8.2024 – 31.07.2028, med høve til ny tilsetting etter utlysing. Åremålstilsetjinga kan totalt utgjere 12 år