Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, har vi ledig ein 100% fast stilling som førsteamanuensis ved Institutt for film og animasjon, frå 1.12.2022. Oppstart kan justerast etter avtale. Stillinga gjeld undervisning i film- og animasjonsvitskap og rettleiing av praktiske og vitskapelege oppgåver.
Kvalifikasjonar
- teoretisk film- og animasjonskunnskap på høgt nivå, med ein Ph.d. innan fagområdet
- erfaring med undervisning og rettleiing av studentar både på teorioppgåver og produksjonar
- god kjennskap til film- og animasjonsfilmhistoria og litteraturen knytt til desse
- god kjennskap til animasjon, film eller media som forskingsfelt, og erfaring med forskings- og utviklingsarbeid på felta
Vi ser etter ein person som har:
- har god innsikt i, og evne til å formidle, dei kunstnariske og teoretiske problemstillingane knytt til arbeidet med realfilm og animasjon
- har omfattande kunnskap om klassiske og nyare teoriar om filmatiske verkemiddel, med særleg fokus på det visuelle
- har teoretisk og analytisk kompetanse / innsikt og formidlingsevne særleg knytt til stilistiske, estetiske og retoriske verkemiddel
- interesse for og forståing av film- og animasjonsfilmproduksjon
- er interessert i å jobbe tett med studentar og kollegaer i rettleiing og undervisning
- er sjølvstendig og utviklingsorientert og likar å jobbe i team
Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Arbeidsstaden er på Campus ved Høgskulen i Volda. Den som vert tilsett må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
Søkar må dokumentere eiga kompetanse, utdanning, arbeidserfaring, evt. FoU-arbeid og kunstnarleg produksjon.
Ved vurdering av søkarane nyttar ein forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
Ved tilsetjing i stilling som førsteamanuensis er det krav om at ein må ha pedagogisk basiskompetanse. Søkarane vil ikkje bli rangert på bakgrunn av denne kompetansen. Dersom ein ikkje har kompetansen, vil ein bli tilsett med vilkår om å opparbeide seg denne innan 2 år. Arbeidsgivar vil legge til rette for at dette vert mogeleg. For meir informasjon om kva som ligg i kravet til pedagogisk kompetanse, sjå HVO sine eigne retningslinjer https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/mal-pedagogisk-basiskompetanse-ved-hvo-forsteamanuensis.pdf
Arbeidsfelt
Den som blir tilsett skal undervise i animasjons- og filmvitskap på både bachelorstudiet i animasjon, bachelorstudiet i medieproduksjon, og masterstudiet ved avdelinga. I tillegg skal den tilsette delta i fellesaktivitetar og forskargrupper ved avdelinga. Det er forventa at søkjaren driv forsking på høgt nivå og vil delta i utviklinga av film- og animasjonsvitskapen nasjonalt og internasjonalt. Våre utdanningar skal vere forskingsbaserte, både når det gjeld undervisningspraksis og innhald.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda, Førsteamanuensis 1011 frå kr. 594 300 – 715 900.
Generell informasjon
Ved Høgskulen i Volda er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV, kan du bli særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søkjer stilling etter denne utlysinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.
Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- Vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- Masteroppgåve
- PhD
- Andre vitskapelege arbeid
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte dekan Kate Kartveit,
tlf.: 70 07 53 04 og instituttleiar Dag S. Roland, tlf.: 70 07 52 70.