Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) ved Universitetet i Bergen søker reportasjeleiar i fast, 100 prosent stilling, snarast mogeleg.
SUJO er det første og einaste senteret for undersøkande journalistikk i Norge og blei etablert hausten 2018. Senteret sitt mål er å styrke den undersøkande journalistikken, med eit spesielt ansvar for lokale, regionale og mindre redaksjonar. 37 undersøkande prosjekt har sidan oppstarten fått hjelp av senteret. I tillegg har over 250 journalistar og redaksjonelle leiarar delteke i SUJO sine workshops i undersøkande metode. SUJO har også et internasjonalt samarbeid gjennom medlemskapet i Global Investigative Journalism Network (GIJN).
Som medarbeidar i SUJO blir du ein aktiv deltakar i eit redaksjonelt miljø med erfarne journalistkollegaer, forskarar og gjestande journalistar og masterstudentar i undersøkande journalistikk.
Arbeidsoppgåver:
- Leie workshops i undersøkande journalistikk
- Rettleie i undersøkande journalistiske prosjekt i norske redaksjonar
- Rådgjeving for medieleiarar og redaktørar
- Tett kontakt med bransje og relevante fagmiljø
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Fire års høgare utdanning, minst to år av disse frå eit fagfelt relevant for stillinga
- Brei journalistisk praksis med erfaring frå undersøkande prosjekt, som journalist eller leiar
- Gode motivasjonsevner
- Breitt nettverk i mediebransjen
- Gode samarbeidsevner
- Stor arbeidskapasitet
- Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde
- Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt journalistisk fagmiljø
- Stilling som høgskulelærar (kode 1007) i lønssteg 54 – 65 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkarar kan det bli aktuelt med høgare løn
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- CV
- Vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar
- Eventuelle publikasjonar (maks 10)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «søk stillinga».
Søknadsfristen er 22. februar 2022, og søknaden skal merkast 22/2287.
Generell informasjon:
For utfyllande opplysningar om stillinga kontakt senterleiar Per Christian Magnus, mobil 41423330 eller reportasjeleiar Kristine Holmelid, mobil 90950320.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.