PhD-stilling i tverrfaglig prosjekt på klima og medier (In Norwegian)

Ved Senter for klima og energiomstilling (CET), Universitetet i Bergen, er det ei ledig stilling som PhD-stipendiat for ein periode på tre år. Stipendiaten vil vere knytt til eit større forskingsprosjekt, Media Use in Crisis Situations: Resolving Information Paradoxes, Comparing Climate Change and COVID-19 (MUCS), finansiert av Norges Forskningsråd og leia frå Institutt for informasjons- og medievitskap. Prosjektet studerer kvardagslege erfaringar, kommunikasjon og samfunnsmessig respons på klimakrisa og koronakrisa, og  kombinerer medieforsking, samfunnsgeografi og politisk psykologi. Stipendiaten vil gjere feltarbeid i eit eller fleire norske lokalsamfunn, for å sjå på korleis ulike aktørar (eks. innbyggjarar, kommunar, lokalmedium) møter klimakrisa. Det er høve til å foreslå konkrete saker, debattar eller stader å forske på, og til å sjå klima- og koronakrisa i samanheng.

Senter for klima og energiomstilling er eit tverrfagleg forskingssenter som har som mål å skape handlingsretta kunnskap om korleis oppnå djup, rask og berekraftig transformasjon av samfunnet for å møte klimautfordringa. CET er ein del av Det samfunnsvitskaplege fakultet, og jobbar med forskarar frå ei rekke disiplinar.  

PhD-kandidaten er forventa å utvikle eit forskingsprosjekt som oppfyller krava til doktorgrad, i samråd med rettleiarar, i ei tidlig fase av stipendiatperioden. I søknaden forventast søkarar å legge ved eit fagleg motivasjonsbrev som beskriv korleis hennar eller hans kompetanse er tenkt brukt til å utvikle og utføre prosjektet.

Stipendiaten vil ha sitt arbeidssted på CET, og er forventa å bidra til å gjere CET til et dynamisk og produktivt arbeidsmiljø.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller tilsvarande innan samfunnsvitskap, til dømes samfunnsgeografi, mediestudiar, sosiologi, statsvitskap eller sosialantropologi. Kravet er karakter B på masteroppgåva og i mastergraden totalt.
  • Kompetanse, erfaring og interesse innan tema for MUCS-prosjektet (motivasjonsbrevet vil vere viktig i vurderinga av søkarane).
  • Røynsle med metodar nødvendig for å utføre forskingsprosjektet, til dømes kvalitativt feltarbeid, dybdeintervju eller etnografiske metodar.
  • Interesse for tverrfagleg forsking, og evne til å jobbe med andre
  • Kunnskap i norsk eller skandinavisk språk er eit krav (dette fordi prosjekt sitt feltarbeid er i norsk kontekst). Kompetanse i skriftleg og munnleg engelsk er eit føremon.

Aktuelle kandidater vil bli kalla til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år og inneber ikkje undervisningsplikt. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til. 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 491 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervisning
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit fagleg motivasjonsbrev (3-4 sider) som beskriv søkaren si relevante kompetanse, og korleis denne er tenkt brukt til å utvikle og utføre prosjektet. Dette bør inkludera både teoretisk og metodologisk kompetanse. Brevet bør også innehalda konkrete planar for å operasjonalisere eit doktorgradsprosjekt innanfor ramma av MUCS-prosjektet. 
  • Namn og kontaktinformasjon på to referansepersonar. Ein av desse bør vere rettleiar for masteroppgåva.
  • CV, inkludert eventuelle publikasjonar
  • Karakterutskriftar og diplom som visar fullføring av gradar, og relevante attestar.
  • Akademiske publikasjonar som søkaren vil legge ved til vurdering, inkludert masteroppgåva.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Håvard Haarstad (samfunnsgeografi, potensiell veileder), e-post: havard.haarstad@uib.no, tlf.:  +47 55 58 45 81 eller professor Brita Ytre-Arne (medievitenskap og prosjekleder), e-post: Brita.Ytre-Arne@uib.no, tlf.: +47 55 58 41 14.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no.   

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: Hanne.Gravermoen@uib.no.  

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.