Universitetslektor
Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ein fast 25 % stilling som praksislærar / høgskulelærar innan Film og TV produksjon. Arbeidsstad for stillinga vil vere i instituttet si avdeling i kunnskapsklynga Media City Bergen (MCB).
Instituttet ser etter to praksislærare knytta til TV-produksjon og lenke til den andre stillinga finn du her: Praksislærar video. Det er mogleg for kandidatar å søkje på begge stillingane.
Om instituttet
Institutt for informasjons- og medievitskap er eit forskingsintensivt og fleirfagleg institutt ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, Universitetet i Bergen. Instituttet er vertskap for fleire eksternfinansierte prosjekt og sentre, mellom anna senter for forskingsdrevet innovasjon MediaFutures, lokalisert i Media City Bergen.
Ved instituttet er det for tida tilsett 35 faste vitskapelege stillingar om lag 30 ph.d. og postdoktorar. Instituttet tilbyr bachelor- og masterprogram i informasjonsvitskap, kognitiv vitskap, kunstig intelligens og medier & kommunikasjon, samt innan Film og TV produksjon, manusutvikling, journalistikk og interaksjonsdesign knytt til instituttet sine aktivitetar i MCB.
Bachelorprogrammet i Film og TV produksjon tek opp om lag 25 studentar årleg. Med moderne studioløysingar og teknologi, samt unik nærleik til bransjen, kan studiet tilby særs gode rammevilkår for ei grunnutdanning innan film og tv produksjon av høg kvalitet og stor relevans.
Utfyllande informasjon om pågåande forsking og undervisning er tilgjengeleg på instituttets heimesider www.uib.no/infomedia
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåver vil vere å ta hand om kurs på bachelorprogrammet i Film og TV-produksjon, i tett samarbeid med fagleg leiing og øvre stab knytt til programmet. Stillinga har fokus på lydopptak, miksing, og design. Den inneberer også potensielle undervisnings og rettleiingsoppgåver ved bachelorprogrammet, som for eksempel rettleiing, tilbakemelding på studentprosjekter og retting av oppgåver.
Stillinga inneber både administrative og faglege oppgåver, og vi er på utkikk etter ein person med solid bransjeerfaring, eit godt bransjenettverk innan TV og film, og god forståing av heile produksjonsprosessen frå manus til klipp.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Fire års høgare utdanning, minst to av disse frå eit fagfelt relevant for stillinga
- Erfaring frå TV- og/eller film-produksjon, gjerne innan både dokumentar og fiksjon
- Erfaring med lydopptak, og miksing og lyddesign ved bruk av Adobe Premiere, Adobe Audition og Avid ProTools.
- Kjennskap til workflow og teknologi innan film og TV-postproduksjon.
Ikkje krav, men vil være ein fordel:
- Erfaring med live studio-produksjon, fleirkamera-produksjon og livesending.
- Brei interesse for teknologi innan film- og TV-produksjon, samt evna til å engasjere seg i nye teknologiar og prosesser.
- Produsenterfaring vil være ein fordel, då stillinga involverer logistikk/planlegging, samt at samarbeidsrelasjonar, gruppedynamikk og rolleforståing på audiovisuelle produksjonar står sentralt.
- Erfaring med undervisning og rettleiing vil vere en fordel
- Vi er på utkikk etter ein person med organisatorisk talent, som er effektiv og påliteleg, og har gode samarbeidsevner
Den som vert tilsett må kunne jobbe sjølvstendig og være komfortabel med å ta og få ansvar. Stillinga krev evne til å inspirere og til å få folk til å fungere godt saman.
Vi tilbyr:
- Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på undervisning og forsking.
- Stillinga er løna etter ei årsløn på kr. kr. 493 700 – 604 400 brutto i full stilling (ltr. 53-65/Lpl.17.510/ kode 1007). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Gode pensjons- og forsikringsordninger i Statens pensjonskasse
- Gode trenings- og velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på “Søk på jobben”. Søknaden må innehalde alle opplysningar som det skal takast omsyn til ved bedømming av dei faglege kvalifikasjonane. Vi ber også om kontaktinformasjon til to referansar.
Søknaden skal merkast: 23/4258
Søknadsfrist: 3. mai 2023
Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje bli vurderte. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Spørsmål rundt stillinga kan rettast til førsteamanuensis Richard Misek, e-post: richard.misek@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR seniorkonsulent Pernille Hole, e-post: pernille.hole@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.