Stipendiat ved CAMRIA (in Norwegian)

Stipendiat

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Institutt for informasjons- og medievitskap er eit forskingsintensivt og fleirfagleg institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Bergen.Til instituttet er det for tida knytt 35 faste vitskaplege stillingar og om lag 30 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Instituttet tilbyr bachelor- og masterprogram i informasjonsvitskap, kunstig intelligens, kognitiv vitskap, media & kommunikasjon, samt innan TV-produksjon, journalistikk og interaksjonsdesign knytt til instituttets aktivitetar i Media City Bergen. Forskinga i medievitskap er organisert i fire forskingsgrupper: Retorikk, demokrati og offentleg kultur, medieestetikk, journalistikk, og mediebruk. Utfyllande informasjon om pågåande forsking og undervisning er tilgjengeleg på instituttets heimesider www.uib.no/infomedia

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til prosjektet “Risk communication and -perception of AMR in the public and among healthcare workers – knowledge needed to develop new policies and interventions” under Centre for Antimicrobial Resistance in Western Norway (CAMRIA). Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Helse Vest og Imperial College London, Faculty of medicines. Den som blir tilsett skal arbeide under arbeidspakke 3. Denne arbeidspakken er ein studie av korleis antibiotikabruk og -resistens blir diskutert og presentert i norske medier, om og korleis dette kan ha endra seg over tid, og korleis offentlegheita har svart.

Prosjektet ser særleg på korleis formidling av forsking om bruk og misbruk av antibiotika i medier blir tolka, debattert og re-kommunisert i sosiale medier. Eit viktig aspekt er at misoppfatningar og ubekrefta nyheiter ofte blir spreidd raskt i sosiale medier og kan auke usikkerheit, mistillit og skepsis blant innbyggjarane. Prosjektet skal nytte eit teoretisk rammeverk frå retorisk teori og medieteori, spesielt ved å trekke på litteratur om vitskapskommunikasjon, risikokommunikasjon og studiar i ekspertise samt studiar av etos, truverde, tillit og sosiale media.

Den som blir tilsett i stipendiat-stillinga skal undersøke kommunikasjonen av antibiotika og antibiotika-resistens (AMR) i utvalde nyheitsmedier og sosiale medier, samt korleis mediepublikummet opplever risiko og avsendartruverde i denne kommunikasjonen. Utforskinga av dette spørsmålet vil innebere å lokalisere sentrale debattar og ytringar om antibiotika og antibiotika-resistens i utvalde norske online nyheitsmedier og sosiale medier. Dette skal føre til etablering av eit empirisk materiale som skal utforskast nærare gjennom retoriske analyser, der det blir etablert korleis problemstillingar om AMR blir innramma og formidla i både nyheitsmedier og sosiale medier. Arbeidet skal særleg søke å avdekke argumentasjon, samt korleis risiko og avsendartruverd blir etablert i kommunikasjonen, samt sjå på forskjeller mellom nyheitsmedier og sosiale medier.

Relevante utval av det analyserte empiriske materialet skal brukast i retorisk resepsjonsanalyse der ein skal utforske korleis informantar opplever og responderer på det utvalde materialet og ein skal avdekke korleis informantane aksepterer, avviser eller forhandlar etablering av risiko og av avsendartruverd i materialet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i medievitskap, retorikk eller tilsvarande eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Kompetanse innan kvalitativ medieanalyse, retorisk analyse og teori, forsking på truverd samt publikums- og resepsjonsstudiar er eit føremon.
  • Søkarar må ha gode ferdigheiter i eit av dei skandinaviske språka og i skriftleg og munnleg engelsk
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om ph.d.-utdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Løn for tida kr 501 200 (kode 1017, lønssteg 54) i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring (sjå forklaring under)
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Prosjektetskildring: Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida.

Søknadsfrist: 3. mars 2023 Søknaden må merkast: 23/1876

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Marija.slavkovik@uib.no eller professor jens.kjeldsen@uib.no

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – seniorkonsulent pernille.hole@uib.no

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: Hanne.Gravermoen@uib.no.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.    

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.